status

Eg veit ikkje heilt når eg mista meg sjølv. Eg veit ikkje heilt sikkert kvifor. Når eg ser på gamle bilete, når eg høyrer om ting eg gjorde som lita, til og med når eg stopper opp og ser på hendene mine, blir eg mint på at ein gong i tida var eg ein faktisk person. Det eg gjorde og det eg sa påverka verda rundt meg, eg interagerte med og levde eit liv i ei verd som eg var ein del av. Eg var ein del av folket, og samfunnet, og verda.
Gradvis mista eg grepet. I skrivande stund har eg blokkert innsyn frå hagen like mykje som eg har blokkert utsynet til verda rundt meg. I går gjekk eg til postkassa og det kjentest framand ut, som om eg ikkje hadde budd her i fleire månader, men sekunder. Utanfor min eige eksistens er det ikkje noko som helst anna enn ting eg ser på ein skjerm. Som eg veit skjer, men som eg på inga måte deltek i. Heller enn å leve, er eg ein tilskodar til Livet. Det kjennest ikkje ut som eg er ein del av noko som helst, og «livet mitt» er milevis med tåke brote opp av små augneblikk av opplevingar eg kan sjå tilbake på for å analysere alt eg gjer feil og alt som gjer meg til ein byrde for anna folk og institusjonar som ikkje veit korleis dei skal hjelpe meg.
Ærleg talt så veit jo ikkje eg heller. Det er ingen her i verda som veit. Psykologar og helsepersonell spør meg kva eg vil oppnå, kva eg vil gjere, kva eg må gjere for å bli fornøgd. Eg svarer alltid at eg ikkje veit, og om eg visste så vil eg ikkje gjere det fordi eg umogleg kjem til å få det til. Eg tykkjer ikkje at eg har fått til noko sjølv når eg har prøvd og fått til litt. Eg er ein uheldig kombinasjon av utolmodig, perfeksjonist, og utbrent. Det gjer at alt eg vil, berre det å laga mat eller sove, blir gjort fordi eg må, helst så raskt og effektivt som mogleg.
Ordet lat blir så lite nyttig, fordi det å vere lat vil for meg innebere å like det å berre sove heile dagen, sjå tv i timesvis, eller ete ferdigmat. Eg vil jo ikkje noko av dette. Eg trivst ikkje med det heller. Alt eg gjer er for meg ei påminning om alt eg ikkje får til. Eg får ikkje til å stå opp og få noko ut av dagen, eg får ikkje til å laga god mat, eg får ikkje til å gjere anna ting enn å berre vere vitne til alle tinga alle andre enn meg gjer, tenker, føler, og drøymar om. Nokre gongar kjenner eg at eg er svolten når eg kviler, men at det er nærmast umogleg å stå opp av senga og hente ei brødskive. Eg vil så intenst og inderleg slutte å tenkje, og berre gjere det, men når eg prøver får eg det ikkje til.
Faen.