Årets siste aksjon: jolehelsing til våre folkevalde.
December 19, 2019•372 words
Kjære folkelobbyistar,
Takk for innsatsen de har lagt ned for klima og miljø i haust. Til saman har vi sendt ut over 2500 e-postar til 25 ulike politikarar og statssekretærar.
Gi deg sjølv ein klapp på skuldra!
I dei to første aksjonane Amazonas brenner + oppfølging retta vi merksemd mot Noregs moglegheit til å påverke Brasil gjennom handelsavtalen Mercosur. Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen nekta å bruke avtalen som pressmiddel for å stanse avskoginga i Amazonas. Etter det har tempoet i avskoginga berre auka.
Men Noreg kan framleis gjere ein forskjell! På nyåret skal Stortinget røyste over avtalen, og Folkelobbyen køyrer ein ny aksjon.
Det er ikkje berre i Brasil uerstatteleg natur vert ofra for kortsiktig profitt. I september protesterte vi mot at tyske Wintershall DEA fekk løyve til å bore etter olje ved Trænarevet.
Heldigvis viste det seg at det ikkje var olje å hente der.
Denne saka, og mange andre, viser at vi må binde politikarane våre til masta, slik at dei ikkje styrer oss på grunn. Derfor gav folkelobbyistar i starten av november si støtte til ankesaka i klimasøksmålet. Dommen kjem kanskje allereie før jol, følg med.
I tråd med Folkelobbyens prinsipp om å rose politikarar som tek gode val for klima og miljø, har vi også gitt støtte til modige motstemmer i Høgre.
I årets nest siste aksjon løfta vi fram ei lokal klimasak, der eit oppdrettsanlegg i Nordfjord kan skade unike korallar. No har saka fått nasjonale konsekvensar, og Klima- og miljøminister Ola Elvestuen har lova betre kartlegging av sårbare område på havbotnen.
Til årets siste aksjon:
Vi veit at folk er travle no før jol, men vi håpar likevel du set av nokre minutt til å sende ei jolehelsing til ein eller fleire folkevalde.
For vi har inga tid å miste. Vi treng ein langt meir offensiv klima- og miljøpolitikk i 2020.
Send ein eigenkomponert e-post til ein eller fleire av dei ulike klimapolitiske talspersonane på lista under:
(Som vanleg er aksjon@folkelobbyen.no på blindkopi, så vi kan følge med på aksjonen.)
God aksjon.
Folkelobbyen
—Lobbykraft til folket!